Nytt skuleår

Nå har eit nytt skuleår starta ved Fløgstad skule. Så kjekt!

Anne Solbakken, rektor - Klikk for stort bileteAnne Solbakken, rektor Anne Solbakken

Det er alltid spennande å starte opp, komme i gang med rutinar og starte det viktige læringsarbeidet. I tillegg er skulen ein viktig og god sosial arena der elevane er i samspel med andre og får venner. Det er 132 supre elevar ved oppstart dette skuleåret.

Me er heldige og har ein flott skule, men dei tilsette er den viktigast faktoren for at elevane våre har det bra og får eit faglig godt undervisningstilbod. Me er 24 tilsette som skal gjera vårt aller beste for våre elevar. J

Viktig er også godt samarbeid med heimen. Heimen er elevane sin viktigaste arena og me skal saman hjelpa elevane til å læra og meistre kvardagen på ein god måte.

Godt skuleår!

 

Anne Solbakken, rektor

Fant du det du lette etter?