Kulturelt mangfald gir eit rikt fellesskap

Fløgstad skule har fleire nasjonalitetar representert i elevgruppa. Elevane får derfor kjennskap til mangfald og eit rikt fellesskap, noko som er viktig og framtidsretta  i eit stadig meir internasjonalt samfunn.

Globus - Klikk for stort bileteGlobus Primap

Ca. 20 % av elevane ved Fløgstad skule har fleirspråkleg bakgrunn.

Når barn frå ulike nasjonar går på same skule, vil dei få ei betre forståing av kvarandres  kultur og religion. I eit fleirkulturelt samfunn må alle læra seg å leva saman på ein måte som gjer at alle blir respektert.

Kunnskap er nøkkel til respekt, og ved å gå på same skule blir elevane kjend med kvarandre sin bakgrunn og levemåte. Me ser dette som eit verdifullt bidrag til danningsprosessen, til å bli godt rusta til å møta det mangfald av menneske dei også seinare i livet vil møta og omgås i skule, privat- og arbeidsliv. I møte med menneske frå andre kulturar finn ein då også fort ut at det som er likt, er større enn skilnadane. 

Fant du det du lette etter?