Oppstartvarsel for detaljreguleringsplan for Rondekulen. Gnr./Bnr. 18/3, -/194, -/252 og -/253 ved Svandalsvegen/ Sandvikåsen

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det på vegne av Rondekulen AS  med dette varsla oppstart av planarbeid med reguleringsplan for Rondekulen på Gnr/Bnr 18/3 m.fl. ved Svandalsvegen/Sandvikåsen i Sauda kommune. 

Detaljplanen skal legge til rette for utvikling av området til bustadbygging, som inneber infrastruktur, bustadtomter, grøntareal og leikeplass. Bustadfelt er tenkt etablert med ny og oversikteleg avkøyring til fv711, Svandalsvegen. Deler av bustadområdet i Sandvikåsen vert knytt opp til denne avkøyrsla. 

Ny gang- og sykkelveg er tenkt kopla inn mot bustadområdet Saua Gard som ligg aust for planområdet. Dette mellom anna for å leie mjuke trafikantar inn på trygg skuleveg.

Tomtene i området skal fordelast på einebustader, tomannsbustad og einebustad i rekke med til saman opp mot 20 bueiningar.

Varslingskart (PDF, 247 kB)

Innspel til planarbeidet kan sendast til Norconsult Ryfylke, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand / E-post til norconsult.ryfylke@norconsult.com innan 10.01.2019

Spørsmål kan rettast til Arne Espeland tlf: 970 10 254 / arne.espeland@norconsult.com

Fant du det du lette etter?